Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Volda ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer, kan du hjelpe Rotary med å vaksinere barn i dei mest sårbare områda i verda og bringe oss nærmare ei poliofri framtid. Kvar krone du gir, blir tredobla, da Bill Gates og Melinda Gates Foundation matcher kvar donasjon med to kroner gjennom sitt samarbeid med Rotary.
Rotary har jobba for å utrydde polio i over 35 år gjennom sitt PolioPlus-program. Gjennom globale samarbeidspartnere som Verdens helseorganisasjon (WHO) og UNICEF, har Rotary bidratt til å redusere antal tilfeller med 99,9 % sidan programmet starta i 1985. 20 millioner barn har unngått å bli lam. Til saman har vi vaksinert 3 milliarder barn!
Polio er ein sjukdom vi kan utrydde, for å nå målet treng vi framleis støtte. Kvar krone tel i arbeidet med å vaksinere barn og sikre at dei veks opp utan risiko for polio.
Fare for internasjonal spreiing gjer framleis polio til ei internasjonal folkehelsekrise, seier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innan 2027. Så lenge det framleis er i polio i verden, er det fare for spreiing - også til Norge. Derfor held vi i Rotary fram arbeidet med å utrydde polio - og til det treng vi di hjelp!
Ditt bidrag får tredobbel effekt! Vipps til #500357
Bli inspiret av Bill Gates og hans tale om Rotarys verdifulle innsats i kampen mot polio - "Rotary har muligjort at vi er så nære å utrydde polio og Rotary spiller en viktig rolle for å nå målet".
Ditt bidrag vil ha tredobbel effekt, då Bill og Melinda Gates Foundation matchar kvar krone med to kroner. Saman kan vi gjere ei forskjell Ditt bidrag får tredobbel effekt! Vipps til #500357
Intervjuet ser du her: https://youtu.be/z57BOONhPw4?feature=shared
Medlemmane i Rotary representerer eit vidt spekter av yrke og næringar, noko som gir gode diskusjonar og overføring av kunnskap mellom medlemmane.
Rotary noko for deg ? | Voldarotary