Velkomen til Volda Rotary klubb


Volda Rotaryklubb vart stifta i 1953 og er i dag ein svært aktiv klubb med om lag 35 medlemmar. Klubben har prosjekt som strekkjer seg frå det heilt lokale til langt ut over landet sine grenser. I 2023 har mellom anna Rotary bidradd med nødstraumagregater og mobile nødhjelpsklinikkar i tillegg til anna internasjonalt arbeid.  Volda Rotaryklubb har også som målsetting å bidra lokalt: bedre stiar (treflakar), gapahukar, rydding kratt, m.m. Programpostane er fylt med lokalt innhald av næring, organisasjonar, kommune eller anna frå lokalsamfunnet.
klubblivet er prega av høgt engasjement og godt kameratskap, tid til sosialt  og den gode samtale er også viktig. 

Medlemmane i Rotary representerer eit vidt spekter av yrke og næringar, noko som gir gode diskusjonar og overføring av kunnskap mellom medlemmane.

Rotary noko for deg ? | Voldarotary


 Frode Sætre har lage ein artikkel om arbeidet Volda Rotary klubb bidreg med i Sierra Leone, David School og intervju med to av våre Rotary medlemmer i dette  arbeidet (også publisert i avisa Møre):

Vil du bli fadder til dette vidare arbeidet med kr 50-100 pr. mnd ?

Volda Rotaryklubb hjelper barn med skulegang i Sierra Leone

Volda Rotaryklubb og samarbeidande klubbar, gir årleg om lag 60-tusen kroner for å hjelpe born med skulegang i Sierra Leone i Vest-Afrika. Landet er eit av verdas minst utvikla land. Meir enn 50 prosent av befolkninga lever i ekstrem fattigdom. The David School, som Volda Rotaryklubb i dag støttar økonomisk, ligg i Magbandoma , Mile 36, eit lokalsamfunn med seks mindre landsbyar spreidd over fleire kvadratkilometer.

Et bilde som inneholder utendørs, himmel, tre, grunn

Automatisk generert beskrivelse

«The David School» i Sierra Leone, som har fått namn etter grunnleggaren av skulen David Wallwork, tidlegare rektor og medlem av Ramsey Rotaryclub. Foto: Volda Rotaryklubb

 

Langvarig engasjement

Volda Rotaryklubb (RK) har sidan 2008 engasjert seg i The David School i Sierra Leone saman med venskapsklubben Ramsey Rotaryclub (RC) i England. Klubben er også stolt over det unike samarbeidet som har vorte mellom klubbar frå Stryn til Molde i dette prosjektet. Det er oppretta ein eigen hjelpeorganisasjon i England for dette arbeidet, og ein av klubben sine medlemar, Kjell Høydal, var tidlegare styremedlem i organisasjonen. Arkitekten bak støttearbeidet i Volda RK er tidlegare president, Harald Indresøvde. Harald er ein god ven av David Wallwork, grunnleggaren av skulen. David er medlem av Ramsey RC og var ei periode på besøk i Volda nesten kvart år.  Per Helge Jøsok Volda RK  og John Stennes Hareid RK har også vore med på organiseringa av hjelpearbeidet. Vi har på den måten kontroll med at kvar einaste krone som klubben samlar inn går uavkorta til å betre tilhøva for elevane på skulen og lokalsamfunna rundt.

 

 

Oppstarten av The David School

Etter at tidlegare rektor, David Wallwork ved Ramsey Ailwyn Ungdomsskule vart pensjonist, ville han bruke tida si til noko meiningsfullt og besøkte Afrika og Sierra Leone, der dette skuleprosjektet starta. Som David sjølv seier det:

«Jeg dro til et sted i Sierra Leone kalt Mile 36, som har fått navnet sitt fordi det ligger 36 miles fra hovedstaden Freetown."

Et bilde som inneholder person, utendørs, mann, smilende

Automatisk generert beskrivelse

David Wallwork t.h. saman med ein av elevane. Foto: Volda Rotaryklubb.

 

Han beskriv første besøket som utfordrande på grunn av den ekstreme fattigdomen i området, og bestemte seg for å bygge ein skule for å hjelpe samfunnet.

David fortel dette om regionen og skulen:
"Regionen er fortsatt svært fattig: barna sover på gulvet, mange er foreldreløse, og de eldste må gå mange kilometer for å komme til timene. Men skolen har vokst betydelig gjennom årene, og elevene våre har oppnådd fantastiske ting."

Han fortel vidare at nokre av dei tidlegare elevane jobbar innanfor helsevesenet som sjukepleiarar, medan tre utdannar seg til lærarar ved skulen. Ein annan er advokat i Freetown og er for tida utplassert i Washington D.C.

"Vi vet også at myndighetene nå viser interesse for å investere i regionen fordi de ser at det finnes en utdannet arbeidsstyrke her. Utdanningens kraft er bemerkelsesverdig og har virkelig åpnet dører for dette samfunnet," seier David.

Skulen opna i 2008 med 120 elever i alderen fem til sju år.
I dag har skulen 578 elevar, fordelt på barneskulen med 316 -, ungdomsskulen 152 - og vidaregåande skule med 110 elevar.

David Wallwork sitt engasjement og dedikasjon til prosjektet førte til at han i desember 2024 mottok MBE (britisk riddarorden) for sitt arbeid med utdanning i Sierra Leone. Prinsesse Anne overrekte medaljen på Buckingham Palace.

Medlemar frå Volda Rotaryklubb har gjort ein stor innsats for skulen

Volda RK og samarbeidande klubbar har støtta The David School Trust økonomisk sidan oppstarten. Dette er ein godkjend hjelpeorganisasjon med rekneskapsplikt.

Volda RK har i eigen regi gitt The David School stipend til utdanning av lærarar, og då det heile tida er ein stor trong for sko har Volda RK, med Tor Olsen i spissen, sendt skulen eit stort parti med sko. Medlemer gir også pengar til ei fadderordning, for å støtte elevane sin skulegang.

På eit klubbmøte i 2011, då Harald Indresøvde var president, hadde han fått vite med David om ny arbeidsreise til skulen i april 2011. Kjell Høydal og Per Helge Jøsok melde si interesse. Harald snakka med David og han ville gjerne ha med frivillige frå Volda RK.

Rotarymedlemer frå Volda tok samarbeidet til nye høgder, på arbeidsreisa til The  David School. Voldingane vart utfordra til å montere opp eit solcelleanlegg som låg på skulen. (Anlegget var donert av rotaryklubbar i England). Dei tok utfordringa på strak arm, og monteringa var vellukka.

Kjell og Per Helge fortel:                                                                                                         «Overleveringsseremonien til representantar frå lokalsamfunnet var ei hending som vil sitte i minnet livet ut. Gleda og entusiasmen knytt til ny skule og elektrisitet var heilt ubeskriveleg.»

«Monteringsarbeidet på bølgjeblekktaket var den varmaste jobben eg nokon gong har utført som snikkar. Sandalane smelta fast i bølgjeblekket om eg vart ståande på same plassen ei stund», fortel Per Helge.

Under monteringsarbeidet såg Per Helge ei jente som sat utanfor skulebygninga som såg noko sjuk ut. Då eg seinare skulle hente noko såg eg at ho låg på graset på eit pledd. Då fortalde dei som stod rundt at dei hadde lagt henne på eit pledd for at ho skulle få ein verdig død. Per Helge tok affære, fekk tak i sjåføren deira og to medhjelparar som køyrde ho til sjukehuset som var eit par mil unna. Etter eit par dagar kom jenta tilbake og var mykje betre, og seinare vart ho frisk. «Truleg hadde jenta fått eit slangebit og foreldra hadde ikkje pengar til sjukehus. Dette var ei sterk oppleving», fortel Per Helge.

Kjell fortel vidare at deira fyrste møte med Sierra Leone var følelsesmessig overveldande, då dei kom rett frå rike Noreg. Ein fattigdom dei aldri hadde sett maken til: «Borna var skitne og uflidde, med holete T-skjorter og shortsar, og dei sov på jordgolvet i dei små heimane sine, som var laga av jord og bølgjeblekk. Vi var begge glade for å vere saman om dette. Det å vere saman med ein kamerat som snakka norsk, var viktig for å bearbeide inntrykka av det vi hadde sett.»

Et bilde som inneholder person, utendørs, mann, konstruksjon

Automatisk generert beskrivelse

Solcellemonteringa i 2011som vart leia av Kjell Høydal og Per Helge Jøsok. Foto: Volda Rotaryklubb.  

Et bilde som inneholder person, Menneskeansikt, klær, mann

Automatisk generert beskrivelse

Kjell Høydal arbeider med tekniske installasjonar. Foto: Volda Rotaryklubb.

Per Helge Jøsok t.v. var bas for montering av solcellepanela på taket og Kjell Høydal t.h. har montert dei tekniske installasjonane til solcellepanela. Foto: Volda Rotaryklubb.

Et bilde som inneholder klær, Menneskeansikt, person, mann

Automatisk generert beskrivelse

Per Helge Jøsok t.v., landsbyleiaren i midten, og Kjell Høydal t.h. Foto: Volda Rotaryklubb.

Elektrisitet til ny ungdomsskule                                                                                                                                   Før heimreisa vart det stilt spørsmål om Volda RK kunne ta på seg å elektrifisere den prosjekterte ungdomskulen som skulle reisast i november 2011, og positivt vedtak vart gjort i klubben då dei kom heim. Prosjektgruppe var Harald Indresøvde, Per Helge Jøsok og Kjell Høydal. Same haust vart det utarbeidd prosjektplan og forkalkyle. Prosjektet vart kalkulert til Kr. 168.000,-

Etter marknadsføring av prosjektet melde fyljande rotaryklubbar at dei ville støtte prosjektet økonomisk: Ørsta, Giske, Hareid, Herøy, Sykkylven, Stranda, Stryn og Molde. Distrikt 2305, som klubbane høyrer til, støtta prosjektet med TRF-midlar (The Rotary Foundation). Dessutan fekk prosjektet støtte frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre og private sponsorar. I desember 2011 kunne prosjektgruppa slå fast at dei ville nå målet knytt til finansiering.

I februar 2012 reiste Per Helge og Kjell til England, der dei saman med David forhandla med Navitron Ltd om levering og tekniske løysingar for prosjektet. Vel heime teikna Kjell samanstillingsteikningar, og planla gjennomføringa saman med Per Helge, ned til den minste detalj. I april 2012 reiste Kjell til skulen i Sierra Leone for å legge til rette for hovudmontasjen som skulle skje i november 2012.

Under førebuingane av turen melde Harald Indresøvde og TRF-ansvarleg John Stennes frå Distrikt 2305 at dei ville vere med, saman med solcellemontørane Kjell og Per Helge. John som observatør og fotograf.

I løpet av turen vart rotarymedlemane frå Norge og teamet frå England, med David Wallwork i spissen, ein samansveisa gjeng. Installasjon av solcelle anlegget gjekk, grunna grundig førebuing, som planlagt utan vesentlege problem. Medan Kjell og Per Helge var i aktivitet med monteringa hadde Harald og John saman med David møter med Rotaryklubben i Makeni og politiske leiarar heilt opp til fylkesplan.

Bygginga av ungdomskulen si avdeling for vidaregåande allmennfag vart fullført i mars 2014. Etter at bygningsarbeidet var ferdig vart det arrangert ein stor opningsfest. Chief Kombarei frå Koya Chiefdom sto for den offisielle opninga.

 

Et bilde som inneholder himmel, utendørs, tre, bakke

Automatisk generert beskrivelse

Ungdomsskulebygget der fyrste byggesteg var ferdig i 2011.Andre byggesteg med vidaregåande allmennfag vart oppført i 2014. Foto: Volda Rotaryklubb.

 

Hybelbygg, sanitæranlegg og boring etter vatn

Dette er det som skjedde til og med 2014, men det stoppa ikkje der. Hybelbygg for lærarar og medhjelparar var ferdig i 2016. Sanitæranlegg stod ferdig våren 2018, noko som var svært viktig med tanke på hygiene og hygieneundervisning ved skulen. Boring etter vatn, med vasstårn, tank og pumpe, samt toalett, handvaskar og dusjar var eit stort prosjekt.

 

 

Et bilde som inneholder utendørs, himmel, bakke, kyst

Automatisk generert beskrivelse

 

Hybelbygg for lærarar og medhjelparar vart ferdigstilt i 2016. Foto: Volda Rotaryklubb.

 

Et bilde som inneholder utendørs, eiendom, konstruksjon, hus

Automatisk generert beskrivelse

Sanitæranlegget stod ferdig i 2018. Foto: Volda Rotaryklubb.

 

 

 

 

 

 

 

Mange turar til Sierra Leone

Kjell Høydal har vore til Sierra Leone ni gongar og Per Helge Jøsok sju. Dei har begge betalt av eigne midlar til flyreiser, hotell og mat, då dei ikkje ville ta av dei innsamla pengane som kunne kome borna ved The David School til gode.

«Etter å ha sett og følt på kroppen den store nauda i området og vorte kjende med mange av borna og foreldra, vart det umogleg å seie nei til nye turar nedover. Vi såg etter kvart at borna vart meir velstelte, elektrisitet og symaskiner hadde gitt skuleuniformer, stoltheita, kunnskapen og framtidstrua auka – hjelpearbeidet hadde nytta», fortel Kjell og Per Helge.

 

Kjell Høydal og Per Helge Jøsok har fått  Rotary si utmerking «Pål Harris» for innsatsen dei har gjort for The David School.

Et bilde som inneholder Menneskeansikt, person, klær, glass

KI-generert innhold kan være feil.

Kjell Høydal t.v. og Per Helge Jøsok t.h. Foto: Frode Sætre.

 

Samarbeid gir resultat

Skulen si tilknyting til  Norge og støtte frå dei norske klubbane er eit direkte resultat av langvarig vennskap mellom Volda RK og Ramsey RC i England. Støtte til The David School har vore eit av dei største samarbeidsprosjekta som rotaryklubbar på Sunnmøre, Romsdal samt Stryn har gjennomført. Klubbane  har hatt ei betydeleg rolle i utviklinga  av skulen, og av dei største prosjekta kan nemnast solcelleanlegg og elektrisitet  ved skulen, utbygging av ungdomsskulen, sanitæranlegg, og ikkje minst utdanning av lærarar til skulen. All innsats som er gjort gjennom desse åra  har vore i nært samarbeid med  David Wallwork gjennom organisasjonen, «The David School Trust». Volda RK i samarbeid med andre klubbar, samt andre støttespelarar, har sett djupe spor etter seg på The David School. Volda Rotaryklubb vil også i åra som kjem støtte prosjektet økonomisk.

 

Et bilde som inneholder klær, person, gruppe, lag

Automatisk generert beskrivelse

Elevar ved barneskulen. Foto: Volda Rotaryklubb.

 

 

Et bilde som inneholder person, stående, gruppe

Automatisk generert beskrivelse    

Elevar ved ungdomsskulen. Foto: Volda Rotaryklubb.

 

 

Nyhetsdetaljer | NORFO - Norsk Rotary Forum                                                                                     Feiring av 10-års jubileum for skulen i 2018 der prosesjon med 360 elever, 21 lærarar, foreldre, gjestar, innleigd band og mange trommer gav ei storslått feiring. Foto: Volda Rotaryklubb.

 



        

                                           

 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Volda Turisthotell
Adresse: Skjervavegen 17
Postnummer: 61002
Sted: Volda
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...