Gapahukprosjektet

   Per Helge si ideskisse

Idestadiet:

Volda Rotary tenkte seg to gapahukar i denne omgang, kvar av dei vil ha skråtak med torvtekke. Gapahukane vil ha ei front opning på 5 m breidde og 2,5 m høgde, og bakveggen vil vere 3,5 m brei og 2 m høg. Vidare vil det vere ei takflate med 0,5 m fall bakover. Reisverket vil vere grindbygg, og klubben har fått den kjende grindbyggar, Kåre Løvoll, til å hjelpe oss med prosjektet og ha ansvaret for den fagmessige utføringa basert på gamal grindbyggtradisjon.

Som kjent har Volda Rotaryklubb , for nokre år sidan, ført opp «Grinda» til fritt og allment bruk for folk i Volda og omliggande region. Denne grindbygde buda har blitt eit svært populært turmål, sosialt treffpunkt og stad for mange grupper/møter og feiringar.

Volda Rotary ynskjer no å gå vidare med tilrettelegging for fleire tur-mål, samtidig som klubben legg vekt på å bygge i tradisjonell grindbygg stil. Taktekkinga vil vere torv. Gapahukane vil bli lagt fint i harmoni med naturen og lett tilgjengeleg for folk flest.

Gjennomføringa:

Prosjekt komité :

Per Helge Jøsok ( Prosjektleiar).  Arnulf Hjelle, Jan Driveklepp , Per Heltne ,  Thor Humberset og

Kjell Høydal.

Prosjektkomiteen  sette i gang og det vart fort klart at prosjektet ville la seg gjennomføre.

Bileter frå bygginga :

  Oddbjørn Egge i arbeid med tomta på Heltnelihuken.

  Uvurderelig hjelp av Leidulf med sin kranbil

  Grunnarbeid med fundamentering.

 Oppsetting av grindverket

 Fast skruing av sperrer.

  Legging av trod.

 Skjering av torv til taket.

  Torva vert heist på taket.

 Jobben med torvlegging er gjort.

  Målet har aldri vore så nær.

 Heltnelihuken  ferdig

 Prestesæterhuken.

Prosessen med bygginga av Prestesæterhuken var ein repetisjon av bygginga i Heltnelida.


















Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Volda Turisthotell
Adresse: Skjervavegen 17
Postnummer: 61002
Sted: Volda
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...