Prosjekt del finansiering av utvidinga på ungdomskulen.

 Ungdomskulen slik den var før utbygging.

For å bøte på misforholdet mellom klasserom på ungdomskulen, barneskulen og innførig av vidaregåande klasse var det planlagt bygging av 3 nye klasserom på ungdomskulen i mars 2014.
Skulen har stor positiv innverknad på lokalsamfunnet rundt den, ikkje minst den aukande vaksenopplæringa på kveldstid både i praktiske og teoretiske fag.
Friminutt på ungdomskulen.
Prosjektgruppa vart invitert til Presidentforum for Søre Sunnmøre 20.02.13 for å informere om Volda Rotary sitt nye prosjekt.Prosjektet vart positivt motteke og ein vart samde om å gjere det om til eit fellesprosjekt av samarbeidande klubbar. Ville klubbar utanfor AG distriktet delta var dei velkomne. Desse klubbane melde si interesse for prosjektet: Herøy, Ulstein, Hareid, Sykkylven, Ørsta, Volda og Volda Inner Wheel. Prosjektet skulle framleis leiast frå Volda. Giske og Stryn Rotaryklubbar kom til litt seinare.

Prosjektgruppa besøkte klubbane med utfyllande informasjon.

David Wallwork var på besøk i Volda i veke 18. Det vart då tilskipa intercitymøte (tysdag 30.04.13) der desse klubbane deltok: Herøy Rotaryklubb,Ulstein Rotaryklubb. Hareid Rotraryklubb, Giske Rotaryklubb, Sykkylven Rotaryklubb, Stranda Rotaryklubb, Ørsta Rotaryklubb, Stryn Rotaryklubb, Volda Rotaryklubb og Volda Inner Wheel. Det er heilt fantastisk at så mange klubbar kan gå saman om eit prosjekt og ikkje minst å kunne samlast på ein travel kvardagskveld. På møtet vart The David School Trust ved David Wallwork overrekt ein gåvesjekk på Kr.150,000,-. Finansieringa var på plass og bygginga kunne ta til.

 Lokal entreprenør Papa og hans medrbeidarar godt i gang.

 Innsetting av vindu/ lufting.

 Tak konstruksjonen snart ferdig.

 Kunn maling og innreiing står att.

Prosjektet er gjennomført takka vere den rause støtta frå Noreg.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Volda Turisthotell
Adresse: Skjervavegen 17
Postnummer: 61002
Sted: Volda
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...