Rotary medlemmar eller "Rotarianarar" som vi ofte kallar oss sjølv er opptatt av å skape og eit godt samhold og miljø.
Vi er femover lente og stolte av å vere Rotarianarar, tek ansvar og omtalar klubben på ein positiv måte. Vi tek vare på kvarandre, og sikrar dette gjennom "4 spørsmålsprøven".
Volda Rotaryklubb består av engasjerte kvinner og menn som dekker ei bredde i kompetanse og alder. Vi famnar om mykje, og er opptekne av det som skjer lokalt i næringsliv, kommune, folk, hobbyar, trivsel, og ute i verda. Vi har samarbeid med andre klubbar i inn- og utland med felles prosjekter.
ROTARY
Vi held oss oppdatert og engasjert i lokalsamfunn og i næringslivet, historia og samfunnet generelt gjennom interessante foredrag og bedriftsbesøk.
Vi er eit opent mangfaldig yrkesnettverk som bruker våre resursar og kompetanse til samfunnsprosjekter, – lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Rotary er handlingsorientert og har økonomiske ressursar til å gjere ei forandring gjennom berekraftige prosjekter innan våre fokusområder.
I Rotary er vi medlem av eit verdsomspennande nettverk som har fokus på fred, miljø, berekraft og forebyggende helsearbeid. Noko av dette skjer gjennom satsinga på ungdomsutveksling og leiartrening for unge.
Hjå oss er openheit og integritet, mangold, fellesskap, ledelse og service verdiane som styrer.