Eventyret om Volda Rotaryklubb og samarbeidande klubbar sitt arbeid for The David School.

Barneskulen på Mile 36 (Magbandom) var bygd og teken i bruk i 2008. Det var planlagt ein skule for omlag 100 elevar. No i november 2012 var det vel 300 elevar ved skulen.Det er heilt eventyrleg kva som er skapt. Les David's story her.

Volda Rotaryklubb har støtta The David School Trust økonomisk sidan oppstarten. The David School Trust er godkjendt charity organisasjon med rekneskapsplikt osv. Då det heile tida er ein stor trong for sko har Volda Rotaryklubb tidligare sendt skulen eit stort parti med dette.

Arkitekten bak støttearbeidet er utan tvil Harald Indresøvde. Harald er ein god ven av David Wallwork. David er medlem av Ramsey Rotaryklubb og han han har vore på beskøk i Volda nesten kvart år. På eit klubbmøte då Harald var president opplyste han at han hadde fått vite med David om ny arbeidsreise til skulen i april 2011. Kjell Høydal og Per Helge Jøsok melde si interesse. Harld snakka med David og han ville gjerne ha med frivillige frå Norge.

Rotarymedlemar frå Volda på arbeidsreise til The  David School i Sierra Leone tok samarbeidet til nye høgder. Voldingane vart utfordra til å montere opp eit lite solcelle anlegg som låg på skulen.( Anlegget var donert av Rotaryklubbar i England). Voldingane tok utfordringa på strak arm og monteringa var vellukka. Overleveringssermonien til representantar frå lokalsamfunnet var ei hending som vil site i minnet livet ut. Sjå Cathrine sin video om då lyset kom til The David School her.

Sjå bileter frå solcellemonteringa 2011 her.     Bileter frå skulen 2011 her.

Før heimreisa vart det stillt spørsmål om kva Volda Rotaryklubb no kan gjere for The David School. Klart svar som eit spørsmål: Kan Volda Rotaryklubb ta på seg å elektrifisere den prosjekterte ungdomskulen som skal reisast i november 2011?

På klubbmøte 14. juni 2011 og styremøte same dag vart det vedteke fyljande:  Volda Rotaryklubb tek ansvar for elektrifisering av den prosjekterte ungdomskulen ved The David School. Sierra Leone. Kan vi få hjelp til dette frå andre klubbar i vår del av Distrikt 2305 er det svært positivt.Prosjektgruppe: Harald Indresøvde, Per Helge Jøsok og Kjell Høydal.

Etter marknadsføring av prosjektet melde fyljande klubbar at dei ville støtte prosjektet økonomisk: Giske Rotaryklubb, Hareid Rotaryklubb, Herøy Rotaryklubb, Sykkylven Rotaryklubb og Ørsta Rotaryklubb.Distrikt 2305 støtta prosjektet med TRF midlar. Dessutan fekk prosjektet støtte frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre og private sponsorar.

Same haust vart det utarbeidd prosjektplan og forkalkyle. Prosjektet vart kalkulert til Kr. 168.000,-

I desember 2011 fekk vi melding om at første byggesteg av ungdomskulen var fullført. Samstundes kunne prosjektgruppa slå fast at den ville nå målet vedrørande finasiering.

I februar 2012 reiste Per Helge og Kjell til England, der dei saman med David forhandla med Navitron Ltd om levering og tekniske løysingar for prosjektet. Vel heime teikna Kjell samanstillingsteikningar og planla saman med Per Helge gjennomføringa ned til den minste detalj. Kjell reiste i april 2012 til skulen i Sierra Leone for å legge til rette for hovudmontasjen som skulle skje i november 2012.

Under forbereiinga av turen melde Harald Indresøvde og TRF ansvarlig John Stennes frå Distrikt 2305 at dei ville vere med i tillegg til solcellemontørane Kjell og Per Helge. John som observatør og fotograf.

I løpet av turen vart rotarymedlemane frå Norge og teamet frå England     (David Wallwork, Cathrine Thomas, Michael Houlden og Ian Wallwork) ein samansveisa gjeng. Instalasjonen av solcelle anlegget gjekk grunna grundig forbereiing som planlagt utan vesentlige problem. Bileter frå solcellemonteringa 2012 her. Bileter frå turen 2012 her. Medan Kjell og Per Helge var i aktivitet med monteringa hadde Harald og John saman med David møter med Rotaryklubben i Makeni og politiske leiarar heilt opp til fylkesplanet (chiefdom). Les  John sin artikkel om turen her.

Jon sitt arbeid er svært viktig i å dokumetere det arbeid som er og vert gjort på skulen. Utviklinga av skulen, og det den gjer for elevane og ikkje minst for dei vaksne frå landsbyen når det gjeld kveldskurs i såvel teoretiske og praktiske fag, er enorm.

Sjå John sin foto/videopresentsjon om skulen her

Sjå John sin foto/videopresentsjon om frivillige i arbeid og på møter her

Sjå John sin foto/videopresentsjon om landsbyen her

Les messenger 11 om november turen til skulen her

Volda Rotaryklubb har saman med støttespelarane sine sett djupe spor etter seg på The David School, men eventyret held fram. Det vart arbeidd med eit nytt prosjekt vedr. delfinasiering av 4 nye klasserom på ungdomskulen.                                                                                   Les meir om prosjektet og gjennomføringa her.

Norske rotaryklubbar har i fleire år vore ein store og stabil bidragsytarar til skulen. The David Scholl Trust har difor utnemd Kjell Høydal, Volda Rotaryklubb til Trustee frå 01.01.2014 

Bygginga av ungdomskulen si avdeling for vidaregåande allmenfag vart fullført i mars 2014.  Etter bygginga var ferdig vart det arragert ein stor opningsfest. Chief Kombarei frå Koya Chiefdom sto for den offisielle opning.                                                                                          Sjå bileter frå opningsfesten mars 2014 her.

The David School har no dette studietilbodet og i tillegg er det gratis:

Barneskule ( Primary School)

Undomskule ( Secondary School)

Vidaregåane ( Senior Secondary School).       Dette er utsett grunna den store mengda av elevar som søker seg til barne og ungdomsskulen og forhandlingar med styresmaktene sin deltaking i skulesystemet generellt

Det er ei målsetting at alle Rotaryprosjekt skal ha eit langsiktig perspektiv. Ein arbeidar derfor no med ulike modellar for støtte av den daglege drift og også støttetiltak for elevar som vil gå vidare etter fullført ungdomskule. Oversikta over støttetiltak sjå her.   Litt meir detaljert over fadderordninga sjå her.

Dette er er det som skjedde fram til og med 2014, men det stoppa ikkje der. Dei to store påfyljande prosjekta er Stipend prosjektet og Bygging av Sanitæranlegg

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Volda Turisthotell
Adresse: Skjervavegen 17
Postnummer: 61002
Sted: Volda
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...