PROSJEKT / FADDER

Vil du bli Rotaryfadder ?

Alle som driv frivillig arbeid veit at det er mykje lettare å få med sponsorar til byggeprosjekter enn på sponsing til drift. The David School Trust oppretta i England ei fadderordning for borna på The David School i Siera Leone. Fadderordninga gjev ikkje noko til den enkelte elev, men betalar for kostnaden for lærar og undervisningsmateriale. Ein kan ikkje gje noko til den enkelte elev då dette vil verte oppfatta som forskjelsbehandling. Denne fadderordninga har vi kopiert i Norge. Fadderordninga i England og Norge er no den mest stabile " inntektskjelda " til skulen og den betalar for lærarlønningar og skulemateriell til heile barneskulen. Der er mange fadderar som har eit til sju born dei støttar. Det er ikkje berre rotarymedlemar som er fadderar, men personar som vil vere med på det gode arbeidet rotary gjer. deatajert korleis du går fram for å verte fadder finn du under.


 


Du kan bli fadder til et eller flere barn ved The David School.

Kostnaden til lønn av lærar og undervisningsmateriell  er om lag Kr. 50,- pr. elev pr. mnd.

Den enkelte elev vil ikkje mota pengar. Dette grunna at vi ikkje kan vise at vi favorisera nokon.

I nettbanken din legg du inn Kr. 50,- på fast overføring pr. mnd. til konto nr. 3991 05 69663. I kid/ meldingsfeltet merkar du av for melding og skriv inn

Fadderbarn og namnet ditt. Volda Rotaryklubb er ansvarleg kontoeigar 

Når du har gjennomført batalingstransaksjonen i nettbanken sender du ein e-post til Maria Sundal mail adresse: maria.sundal@hotmail.com og bekreftar innbetalinga. Du må også gje opp person nummeret ditt for å få skatte frådrag. Dette vert konfidensielt handsama. Maria Sundal vil ta kontakt med  Mrs Georgina Hartley som administrera tilsvarande ordning for The David School Trust i England. Du vil då få tilsendt The David School informasjonsskriv kvar gong denne vert sendt ut. 


Skulen i Sierra Leone har heile 411 elevar, 14 lærarar og 5 assistentar.
Bidrag frå Volda Rotary har vore å bistå med midlar til å utdanne lærarar slik dette går inn i ein god permanent løysing. Det har i tilleg vore levert og montert solcelle anlegg for å gi lys og straum, og det er etablert toaletter, for å nemne noko.
Kvart år gir Volda Rotaryklubb kr 60-70.000 til skulen fra klubb og fadderar i nærområdet. Vil du bli fadder for kr 50, - per mnd. ?








Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Volda Turisthotell
Adresse: Skjervavegen 17
Postnummer: 61002
Sted: Volda
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...