KLUBBEN / OM KLUBBEN / KLUBBHISTORIE

KLUBBHISTORIE

 I artikkelen under får du vite meir om korleis det heile starta her i Volda. Historien vart samla i høve klubben sitt 20-årsjubileum i 1973.   


DEI FØRSTE 20 ÅRA
Av Olav Kårstad, Dagfin Hovden og Nic. Engeset

I 1953 var det berre tre rotaryklubbar i Møre og Romsdal fylke, nemleg Ålesund, skipa i 1929, Molde,1948 og Kristiansund same året. Klubbane i Volda og Ørsta er dei eldste på landsbygda i vårt fylke. No er vi 18 klubbar i vårt fylke. For 20 år sidan var heile Noreg eit distrikt, og sivilingeniør Lindboe var guvernør då våre klubbar vart skipa. Rotary International var lite kjent på den tid. Det hang saman med at det var få klubbar i landet, og at ein ikkje måtte drive noko slag PR utanfor klubbanane. Dette synet har endra seg mykje siste åra. 

I Rotaryklubbane drøftar ein no saker som er aktuelle i bygda, og ved den allsidige samansetjinga av medlemane har ein høve til å påverke sakene i Rotarys ånd.

Rotary vert kjent i Volda og Ørsta
Det var gjennom vener i Ålesund Rotaryklubb at ein alt i 1952 fekk kjennskap til Rotary International. Det førde til at interessa vart vekt hjå oss, og at førebuinga tok til. Men fart i saka kom det først då guvernør Lindboe bad Ålesund Rotaryklubb ta opp arbeidet me å skipe ein klubb i Volda/ Ørsta området. Ålesund R.K. valde ei nemnd som skulle ta seg av dette. Valet vart: Anders A. Hovde, Jonas Peson, Arne Norbakke og Norvall Jacobsen. Desse tok kontakt med Erling Aarseth, Anders Kvam og Karl Kornberg i Volda, og med A. Krogh Albertsen, Ivar Myklebust og Henrik Straumsheim i Ørsta. 

Klubbane vert skipa 
Kontaktmenne i Volda og Ørsta gjekk straks i gang med å setje opp liste over mogelege medlemar. Det synte snart at det var grunnlag for to klubbar, ein i Volda og ein i Ørsta. Då dei hadde sett opp 20 namn på kvar plass, sette dei punktum. 

Klubbane vart konstituerte
Den 27. februar 1953 vart det halde konstituerande møte på Stjernesalen i Ørsta under leiing av guvernør Lindboe. Frå fadderklubben i Ålesund møtte presidenten, Jakob Søreide, sekretæren, Rolf Havnevik og Politimeister Holmsen. Til president i den nye Ørsta Rotaryklubb vart vald A. Krogh Albertsen, og til sekretær Dagfinn Hovden. For Volda Rotaryklubb vart Erling Aarseth vald til president, og Bjarne Hoel til sekretær. Dermed var klubbane klar til å starte si eiga møteverksemd og velje dei ymse tillitsmenn.
Etter eit par månadar vart charterbreva til dei to klubbane utskrivne. Ørsta sitt datert 20.4.1953, og Volda sitt 23.4.1953. dermed var alt kome i lovelege former. Med alt det som hadde skjedd til no, måtte feirast med ein skikkeleg charterfest.

Charterfesten vart halden på hotell Alexandra i Loen den 13. juni 1953. I ein kortesje av privatbilar reiste dei fleste av dei 40 chartermedlemane med fruer, og med god oppslutning frå fadderklubben i Ålesund, til loen i det vakre forsommarveret. Av høgdepunkta i festen minnest ein at Voldas seremonimeister, Mjanger, ønskte alle velkomne. Etter tale av guvernør Lindboe kom så den høgtidelege overrekkinga av til chartera Krogh Albertsen og Aarseth, flankert av Hovden og Hoel. Der var også tale av presidenten i fadderklubbe, Søreide, med overrekking av klubber og rotaryflagg til dei nye kubbane. Etter takketalane gjekk ein over til kameratsleg samvær i Vikinghallen til langt ut idei små timar.

Den første tida
Første møte i Volda Rotary vart halde i eit lite rom på kafe Bondeheimen. Men der var det trangt og vanskeleg, så doktor Bryhni kom med tilbod om at møta kunne haldast i hans heim. Og der var det koseleg og møta vart heldne der i 2 ½ år. Då vår medlem A.H. Vassbotn bygde seg nytt hus, innreidde han eit prektig lokale med tekjøkken i underetasjen. Der vart kjøpt inn møblar og kjøkkenutstyr, og med rotaryflagg og andre symbol fekk romet ekte rotarypreg. Frk. Ester Lundberg var vertinne på kjøkkenet i mange år, etter henne Marta Lundberg og Anna Bjørdal. For eit par år sidan (1971) mista vi lokalet og klubben held no måta sine på Samfunnshuset. Men Volda Rotaryklubb har planar om å bygge eige hus, med fast møæterom for klubben og med andre rom for utleige. Talet på medlemar har no ( 1973) vakse til 43.

Arbeidsoppgåver og samarbeid
Det var naturlig at dei to klubbane gjekk saman om å løyse større oppgåver. Sjå prosjektbeskrivinga om Heggjadalsvegen undre menyen prosjekt
Skogplanter til Island. I mange år vart det sendt planter til Island, og Volda Rotaryklubb og mange andre klubbar var med og betalte desse.
I 1967 hadde vår medlem, Natvik, etter ei kjempeinnsats fått reist ein Senil Dement- heim i Volda. Men terrenget rundt var berre morass - og måtte gjerast om til hage - ein høveleg jobb for ein internasjonal leir. Og mykje godt arbeid vart utført. Ørsta Rotary støtta opp med pengar, og dei arr. Ein fin avsluttningsfest på Viking Fjord Hotel.

Andre tiltak 
• Narkotikaproblemet. Klubben skipa distriktskonferanse
• Vanføreheim. Arr. av stor medisinsk og politisk konferanse i førebuinga av Mork.
• Cerebral Parese. Fleire innsamlingsaksjonar i forbindelse med oppretting av heim for born.
• Distriktshøgskulen. Då den skulle verte ein realitet, vart formannen i den departementale nemnda, Ottosen, tilkalla for å orientere ei rekkje innbedne autoritetar.
• Ungdoms- og idrettsarbeid. Til fremjing av dette arbeidet vart formennene i 10 organisasjonar innbedne til samordningsmøte i Rotarys regi.
• Trafikkulturen. Til fremjing av denne mellom born og unge, vart det arrangert ein stilkonkurranse på skulane. Det kom inn ca. 300 svar, og Rotary spanderte 50 premiar for dei beste svara.
• Yrkesrettleiing. I mange år skipa Rotary yrkesrettleing for skuleungdom og andre, med i hovudsak rotarianarar som rettleiarar.

Gjennom Rotary Foundation og andre stiftelsar har klubbane skaffa heilårs stipend til studiar i utlandet for ungdomar frå våre bygder. Sameleis har klubbane tatt i mot ungdomar frå andre land og gjeve dei fritt opphald hos Rotarianarar.



Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Volda Turisthotell
Adresse: Skjervavegen 17
Postnummer: 61002
Sted: Volda
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...