Klubben har engasjert seg i The David School i Sierra Leone saman med venskapsklubben Ramsey Rotaryklubb i England. Klubben er også stolt over det unike samarbeidet som vi har vore med å skape mellom klubbar frå Stryn til Molde i dette prosjektet. Det er oppretta ein eigen charity organisasjon i England for dette arbeidet, og ein av klubben sine medlemar: Kjell Høydal, er styremedlem i organisasjonen. Per Helge Jøsok Volda RK og John Stennes Hareid RK har også vore med på organiseringa heile tida. Vi har på den måten kontroll med at kvar einaste krone som klubben samlar inn går uavkorta til å betre tilhøva for elevane på skulen og lokalsamfunna rundt.
Grindbygga
Volda Rotary har sett opp grindbygg på dei mest populære turmåla i Volda sentrum. Det første prosjektet var "Grinda", som ligg på turvegen mellom Klepp og Heltne. Grinda fekk selskap av to nye prosjekt i 2014-15. Prestsæterhuken og Heltnelihuken ligg vakkert til på dei mest populære turvegane frå sentrum og opp til Dinglavatnet.